ENT3 R forside nett

Meir om ENT3R

Realfagstrening = motivasjon og meistringskjensle

Vil du bli betre i matte og realfag? Kanskje treng du betre karakterar for å kome inn på det studiet eller den skulen du ønskjer? Eller kanskje du berre har lyst til å forstå matematikken betre? Da er ENT3R noko for deg. ENT3R er gratis leksehjelp i realfag for elevar på 10. trinn og på vidaregåande skule.

“Mentorane er gode til å forklare, eg forstår det vi gjer på skulen mykje betre enn før.”

ENT3R blir drive av studentar frå ulike studium innan realfag og teknologi. Kvar veke er desse mentorane der for å hjelpe deg til å forstå og løyse realfaglege oppgåver.

Leksehjelpa til ENT3R føregår ved at ein møter opp til faste tidspunkt kvar veke på ulike universitet og høgskular rundt i landet. Bor du langt unna et ENT3R-sted, så kan du melde deg på ENT3R digital.

Du melder deg på eit fast tidspunkt kvar veke - den dagen og tida som passar best for deg. Da blir du medlem av ei gruppe som møtest fysisk eller digitalt.

Timane startar ofte med litt undervisning eller eit forsøk eller eksperiment. Etterpå jobbar ein med eigne oppgåver eller lekser. Det seiest at næring gjev læring, derfor serverer vi òg frukt og annan snacks i timane.

Under kan du sjå ein film som viser kva vi gjer i ein vanleg ENT3R-time, når elevane kan møte fysisk:

Over 60% av elevane på ENT3R seier dei har fått betre karakter i matte, og over 70% at dei har blitt meir motiverte for skulen og gjer det betre også i andre fag.


På ENT3R slepp du å sitje med leksene dine aleine, og du får hjelp om du står fast. Her kan du gjere leksene dine saman med andre, og når du melder deg på kan du be om å få kome på gruppe med ein kompis eller ei venninne – eller kom aleine og bli kjent med andre. 


Kvart semester arrangerer vi elevkveldar kor vi får besøk av bedrifter eller personar som jobbar med realfag. Dei held føredrag om kva dei jobbar med eller viser fram noko kult innan realfag eller teknologi.

Det er ikkje skummelt å velje realfag. ENT3R hjelper deg!

ENT3R blir drive av Nasjonalt senter for realfagsrekruttering som får midla sine frå Kunnskapsdepartementet. 

Har du spørsmål om ENT3R, ta kontakt med din lokale ENT3R-stad eller skriv ein e-post til silje.wolff@realfagsrekruttering.no.

Vi bruker cookies for å sikre deg en best mulig opplevelse. Ved å lukke denne meldingen godtar du vår bruk av cookies. Du kan lese mer om cookies og våre personvernvilkår