Elevkveld 24. september 2014

Onsdag 14. september hadde vi semesterets første bedriftskveld, med til saman rundt 100 oppmøtte elevar og mentorar. Veldig kjekt at så mange tok turen!

Stine Myhre Selås frå Statoil kom og heldt eit innlegg om hennar veg frå skulejente på Stabekk, gjennom studenttid i Trondheim, til Statoil-ansatt idag. Dette foredraget var midt i blinken for ENT3R! Det var veldig givande for både elevar og mentorar å sjå at ei heilt vanleg jente frå Stabekk, som ikkje alltid har syntes at realfag har vore like enkelt, kan få ein slik jobb. Ho viste også nokre eksempel på korleis fysikken frå vidaregåande skule kan brukast i praksis når ein skal innstallere ein ny oljeplattform ute i havet. Spanande!

Etter foredraget hadde vi lagkonkurranse, og denne gangen vart det som seg hør og bør bygd oljeplattform. Kven klarte å bygge den oljeplattformen som tolte mest vekt? Og kven bygde den finaste plattformen? Det var mange kreative og solide forslag, og byggeprosessen undervegs var artig. Til slutt åt vi pizza saman og kosa oss.

Og no; bildedryss!