Elevkveld 26. februar 2015

Årets første elevkveld vart arrangert torsdag 26. februar. Denne gongen fekk vi besøk av Anfrid Dahlen frå byggeteknikk-firmaet Aas-Jakobsen. Jobben til Anfrid går ut på å byggje bruer, som er kult nok i seg sjølv! Anfrid fortalde litt om kvardagen sin som bru-ingeniør, som ho liker svært godt. Det er ikkje berre kontorarbeid – ofte er dei ute og sjekker korleis det står til med dei bruene som allereie er bygde. Sidan Anfrid er glad i friluftsliv og klatring, er dette noko ho set stor pris på. Anfrid snakka også ei del om kvifor det er lurt å velje realfag allereie på vidaregåande skule. Til dømes er det nesten 150 studieretningar på Samordna opptak som krev realfagleg bakgrunn, og det er dumt å utelukke alle desse allereie før ein er kome ordentleg i gong på vidaregåande. Svært mange av desse studiane er studiar ein i utgangspunktet fort kan tenkje at ein ikkje treng realfag for å velje. Så dette var svært nyttig og opplysande å sjå.

Etter foredraget hadde vi lagkonkurranse og pizza-eting, som vi alltid har på elevkveld. Denne gongen vart det sjølvsagt bygd bruer! Dei tilgjengelege hjelpemidla var marshmallows og spaghetti, som gav mange artige bru-design. Når alle bruene var ferdigbygde, sjekka vi kva for ei som var den mest robuste, ved å leggje tyngre og tyngre bøker oppå dei. Byggarane av den mest robuste brua fekk sjølvsagt premie, og det gjorde også dei som bygde den finaste brua. Artig!

Under følgjer bilder frå foredraget og brubygge-konkurransen.