Elevkveld med studentar frå NTNU og HiST 29. januar

Usikker på kva du skal bli når du vert stor? Bli inspirert på elevkveld!

  • Kva gjer eigentleg ein ingeniør?
  • Korleis er det å studere realfag?
  • Kor raskt kan ein lage iskrem av flytande nitrogen?

Dette er noko av det du kan finne ut av på ENT3R Trondheims neste elevkveld. Vi har invitert studentar frå fleire av linjene på NTNU og HiST til å kome og vise fram kva dei driv med i sine studieprogram. Dette vert ein morosam og lærerik kveld med mange ulike aktivitetar frå dei ulike linjene! Det vert sjølvsagt også quiz, premiar, pizza og brus!

Som alltid i ENT3R er dette både gøy og gratis!

Meld deg på no ved å sende «ET ELEVKVELD» til 2030. Oppmøte er hjå Svingdøra på Realfagbygget kl. 17.45.

 

Invitasjon_29jan